onsdag 14. november 2012

Onsdag den 14. november

10 grader, regn og vind. Barometer 762. Meldt regn heile dagen. Sykling blir det ikkje i dag, i alle fall ikkje i føremiddag. Må ein handletur. Går innom Elixia, har vore medlem der i tre veker no uten å komme inn på online-booking, og det er ikkje godt nok. Maler over grunninga i stova. I dei andre to romma må eg kanskje ha det litt varmare før eg maler?? Har og tankar om å rydde heilt ut or "kontoret", og så vaske og støvsuge der. Reknar med at eg får tid og krefter til det og. Vinduet i "kontoret" har stått opent i lenger tid. Eg har sett og sett på det, og sjølvsagt lagt merke til at malinga skallar av. Og dermed tenkt at ein gong skal eg ta meg tak og gjere noe med det. Men det er så lett å utsetja ting, så fryktelig lett. Men no, sette eg bare i gang, og dermed er malingsjobben ferdig rundt alle vindua. Som nevnt før, bare flekking, så hovedmalingen må tas ein gong det blir litt mildere og finere. I grunnen er fet fyrstehjelp det eg har gjort. Har og lenge tenkt på å få vaska dette "kontoret". Hoppa i det og. Og det er fort gjort å fjerne alle lause gjenstander, koste vekk det grøvste, støvsuge resten og så vaske med eingongstørrmoppsklut. Ta med plast, glass og anna avfall til Miljøstasjonen på Sviland, sette alt anna på plass i så godt system som mulig, og så vere svært så nøgd med den jobben. Elles i ettermiddag så er det studenten som har stått for middagsservering. Og sjølv så er eg visst så pass fornøgd med det eg gjorde i dag tidleg, at det ikkje vart noe særlig meir. Skal sykle på Elixia i 90 minutt i kveld. Kan ikkje sei at eg gler med noe til det. Så pass lenge er helst lite spennande. Charlie stakkar har sett eit eller anna i vrangstrupen eller kor det no er, og han histar og kremtar så det er helst fælt å høyre på. Og så må eg ikkje gløyme at eg skal til legen på kontroll i morgon. Og på tysdag skal eg til SUS for å kontrollere at hjertestartaren er i orden, Greit nok med cycling challenge 90. Gikk nå man begynte med uttøyning og den slags. Har stort sett greidd meg uten det før i verden, så regner med at det er greit nok.

Ingen kommentarer: