tirsdag 13. november 2012
Tirsdag den 13. november
8 grader, overskya, litt for sterk vind frå austsøraust, barometer opp til 762. Meldt slik fram til kl 3 då regnet er venta.
Og kva med i dag? Gjere ferdig oppvask, gjere ferdig klesvask, gjere ferdig rydding, vaske vindua på innsida.
Og så får vi sjå.
Har kanskje litt rydding igjen, men ellers så er det meste gjort, inkludert vask av vindua ute.
Men så er det så at det dukker opp ting som ein følge av andre ting. Denne gongen var det så at der er ein del skraping, oussing, grunning og maling av diverse vinduskarmer og rammer.
Må bare sette av litt tid til det.
For godt ei veke sidan fekk eg avsvaret for ein kvit asalea, og det er ikkje lett. Men eg gjer som dama i blomsterbutikken sa; Kvar tredje dagen skal planten stå i vatn til opp på knea i omlag fem minutt. Og det skjer. Så etter mest to veker står planten like fint.
Og så går det plutselig an å sjå ut av vindua!!! Eg såg i grunnen sjølv kor stort behov det var for ein vask. Vatnet eg skrapa av med nalen var slett ikkje reint.
Usikkert om det blir sykkeltur i morgon og tålig bra ver i dag gjorde at eg sala på raceren og tok meg ein tur.
Sykkelstien var sperra før Skjørestad og eg sykla difor på vegen. Og før eg visste ordet av det, var eg oppe i nær 60 km/t Og det våger eg i grunnen ikkje.
Sykla ei løype om Malmheim Borsheim Damsgård og så til Kleppe.
Fin tur tross sterk søaust. Ikkje regn.
Etter middagskvilen fann eg fram skraper, pussepaskin, støvsuger, kost og grunning. Så skrapa eg litt rundt fire vindu i stova, eit på soverommet og eit på eit altmuligrom. Samtidig med pussemaskinen stod støvsugaren på. Malte så over alt med grunning og støvsuga.
Så får vi sjå i morgon om eg får gjort meir med dette. Det er bare noe flekking altså, ikkje heilmaling.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar