søndag 31. januar 2010

Søndag den 31. januar

Minus 2,4 grader, lett nordlig? vind og overskya/lettskya. Kom litt snø i går kveld, mest i Noredalen, men ikkje verre enn at det var problemfritt å køyre. Skal ha vitjing frå familien på Gilje ti middag i dag. Vert gildt det.
Og det var godt både middagen og desserten. Men eg hadde vet til å ete lite.
Elixia kl 1830 i dag.
Me fekk besøk av Borghild og Henning kl fem, så dermed vart det ingen sykling med meg i dag. Alltid kjekt med koselig besøk.

lørdag 30. januar 2010

Laurdag den 30. januar

Minus 6,4 grader sørlig vind og overskya. Ikkje heilt trivelig ute i dag.
Og så vert spaninga utløyst for alle spente lesarar: Det vart kun 400 gram ned denne veke frå 83,4 til 83,0 kg. Bra nok det så pass langt uti slankeperioden, men hadde ei von om å vere på 82 talet i dag. Blir nok det neste laurdag. I kveld har eg nok ete meg opp fleire hakk, men slik er laurdagen.
Var på Sandnes og handla laurdagsting. Reiser muligens opp til Auglend bedehus på basar i kveld. Erling Nordland ringde om noko anna og kom inn på det arrangementet. Men me et pizza tidlegare på kvelden.
Outlooken min var visst bare førebels. Så eg må visst kjøpe meg ein ny på måndag om eg vil lesa og senda mail, , og det vil eg.

fredag 29. januar 2010

Fredag den 28. januar

Minus 8,4 grader, skyfritt og stille.
Litt ilt samvet for eg åt eit halvt rundstykke med ost og skinke i går kveld på mannfolksamlingen. Kanskje det er det som gjer at eg eventuelt ikkje kjem meg under 83 kg i morgon. Spanande veging då.
I dag på Brannvernkurs med mange klerikale folk. Kl 0900 på Stavanger brannstasjon. Måtte setje på vekkeklokka for sikkerhets skuld. For pensjonistane her i heimen har ein tendens til å sova litt utover dagen. Kan ikkje seie at eg gler meg til kurs. Hadde ikkje rekna med å måtte gå på kurs meir no. Trudde eg hadde lidd meg gjennom nok av denslags i yrkesaktiv tid.
Kurste var greit nok. Bare halvkjente folk, men gratis alle typer kaffi og så fekk me alle prøve å sløkke ein brann med skum.
Slappe av i ettermiddag, ein flotte dag med sol og uten vind, og trener på Elixia kl 1730 i kveld.
Og så er det endelig laurdag og vegedag og etedag i morgon.

torsdag 28. januar 2010

Torsdag den 28. januar

Null grader, disig og med etter måten sterk VESTLIG vind. Nokolai har sove her i natt og han skulle ganske tidlig opp, så dermed måtte andre fylgje dømet. Glatte vegar i går har eg forstått.
Etter vanlige føremiddagsrutiner, som vart litt skipla på grunn av ein liten tapp som er turbo, kom eg meg ut og kløyvde og saga og lødde opp resten av veden. Det vart til saman 7 fulle pallar, og det vil nok seia omtrent tre famnar og vel så det.
Neste gong veden skal jobbast med vert i sommar då han skal inn under garasjen. Vel, eg trur ikkje eg får plass til alt.
Ingen trening i dag, men kl 1900 skal eg vere med Arne Post til Elim på mannfolktreff eller noe sånn. Liv Kyllingstad Godin skal fortelje om arbeidet sitt. Koselig det med mange mannfolk i sin beste alder altså pensjonistar.

onsdag 27. januar 2010

Onsdag den 27. januar

3,7 grader , flau vind og regn!! Blir vel glatt på vegane når frosten slår opp og vatnet frys på asfalten. Det er meldt meir frost om eit par dagar, så her er fare for isglasering av natur og ting ei tid no. Er ganske lei av frost og snø. I dag våger eg meg sannsynligvis ikkje ut på vegen. Kanskje kontorarbeid heile dagen.
Å nei da. Kom meg ut og skrapa vekk litt is og snø. Og så kom eg på at eg kunne jo kløyve litt, og så brått hadde eg kløyvd og stabla ein palle til. Men her er stadig meir ved under snøen. Neste gong er det fram med kløyvar og kappsag og så er snart alt på plass.
Fekk besøk av Bente, Nikolai som skulle på lækjarkontroll og Ingrid som var sjuk. Bestilte tid på Elixia kl 1800. Da var det 4 ledige plasser igjen på gruppa. Eg trur nok der er ca 50 syklar i alt, så der er mange ivrige syklistar. I dag var det xycling intervall, og det er ganske hardt, men hardheten avheng av kor stor motstand einkvar legg på.
Barnepass, kontorarbeid og middagskvil ei tid.
Innbiller meg at alle stier er så glatte no at det ikkje er rådeleg for to gamle gubbar som Siggi og meg å gå tur i dag.

tirsdag 26. januar 2010

Tysdag den 26. januar

Minus 7,4 grader. Minimum: Minus 9,4. Lettskya stille.
Hadde eit par timar med vedkløyving og stabling. Det dukker stadig fram fleir stubbar til kløyving, ja til oppkapping og.
Gravferd kl 1300. Far til Hildur: Hans Helgaland døydde 97 år gamal. Fin høgtid med mange Ganddalsfolk til stade.
Elixia kl 1700 i dag, og så er det å finna noe å syngje på øving i Svilandskarane i kveld kl 2000.
Alltid nok å gjera for ein pensjonist. Må jo kvile middag og ha litt kontortid og.
Handballkamp mot Danmark i dag. Fjernsynet står på. Eg prøver å lukke augo så eg slepp å ta del i spaninga. Har framleis ikkje nerver til slikt.

mandag 25. januar 2010

Måndag den 25. januar

Minus 8,4 grader. Overskya og stille. Kjem her meir snø??? Får endelig ikkje håpe det. I dag er det vasking av kapellet frå kl halv 10 til elleve, tur med Siggi kl 13 til 14, levering av brevt til Aftenbaldet, besøk på kyrkjekontoret med brav og penger og samtale med Svein Olav (administrasjonsleder)og endelig sykling kl 1715.
Litt kontorarbeid må eg og finne tid til.
I tillegg er handballandslaget (menn) kome til mellomspelet og skal spele mot Austerriket i kveld. Eg har ikkje nerver til å sjå slike ting før kampen er heilt avgjort, så derfor trykker eg meg nok inn på TV2 ein gong i blant for å følgje litt med. Såg mesteparten og me vant.

søndag 24. januar 2010

Søndag den 24. januar

Minus 2,4 grader, lettskya og flau vind.
Hadde ein god etedag i går med veldig mye is og grøt, en herlig kyllingogrisrett med saus og salat hos Erild samt kake og alt for mange karameller. No er det knekkebrød fram til laurdag, og då står spaninga i taket att om seg har teke av dei berekna 500 gramma eg vonar på.
I dag gudsteneste i kapellet, må snart ned og ordne til. Vart litt graps på golvet etter bryllaupet i går.
Vart inviterte til middag og kaffi på Gilja i dag. Der fekk me kylling og ris og tilbehør. Godt det sjølv om det vart tredje dagen på rad vi hadde det. Dessert og kaffi med vafler. Eg åt forsiktig, men var danna, så danna at eg kanskje åt litt for mykje.
Kom meg på sykling på Elixia og brann av noen kalorier der.

lørdag 23. januar 2010

Laurdag den 23. januar.

Yes!!! 1,3 kg ned denne veka. No stoppa vekta på 83,4 kg. Hadde vore fint med omtrent eit halvt kilo kvar veke ei tid framover.
Minus 0,8 grader, ganske stille og overskya i dag.
Bryllup kl 1400. Jonas Lura.
Skal på vanlig laurdagshandel fyrst, så blir det graut og is og pizza og TV og avslapping heile dagen. Ein kan ikkje slanke seg på laurdagen, veit du.
Vart inviterte til Arild på kvelds så då blir det spanande kva mat som vert servert.
Gler meg forresten til neste månad. Då startar eg med å skrive akkurat det språket eg vil, altså dialekt, bokmål og nynorsk i ei herlig blanding.
Har elles teke opp hobbyen min med å spele Scrabble på nettet. Ordspill.no er staden for det.
Bryllaupet gjekk fint, men er ikkje i form til anna enn sløving i dag.

fredag 22. januar 2010

Fredag den 22. januar

Minus 2 grader skyfritt og med ikkje så sterk, men ubehagelig sørøstlig vind. Ingen mail om sykkelrittet i går. Var det bare dei som kom med som skulle få mail??? Får ikkje håpe det. Sjekker mailen heile tida i dag og.
DER KOM MAILEN!!! EG ER MED. Hipp hurra og vel så det. Må feire det med et ekstra knekkebrød og sykkeltur på Elixia i kveld.
Spadde fram ved og snø og plasserte ein palle der. På pallen stabla eg ved. Fant ut at der var litt ved gjømt under snøen, som eg ikkje hadde kløyvd. Så her er arbeid ei veke til med veden. Men det er bra.
I dag har eg fått mykje trening i knebøy og løfting av vekter uten å vere i treningssenter med manualar.
Og utrulig nok så kom eg meg ut igjen og stabla nok ein palle med ved. Godt gjort.!

torsdag 21. januar 2010

Torsdag den 21. januar

minus 1,2 grader, lettskya og svak sørøstlig vind.
Fekk spadd fram hoggestabben.
Har kløyvd dei vedstubbane eg klarte uten for store problem. Ein ti tolv stubbar lar eg liggje til eg tar fram den elektriske kløyvaren.
Elles har eg vore inne på mailen kanskje 20 gonger i dag for å sjå om eg har fått mail frå bedriftsidrettslaget om eg er blant dei heldige som er blitt trekte ut som deltakar i Nordsjørittet den 12. juni. Det skal koma ein mail i dag.
Er elles inne og ser på ski på TV. Skal syngje med Karane på Austråttheimen kl 1700 i ettermiddag. Har bestilt sykling på Elixia kl 1930. Men det blir nok litt innklikking på outlook i ettermiddag og kanskje kveld.
Klokka er ni, xyclinga er unnagjort, men ingen mail som seier om eg er in eller out på Nordsjørittet.

onsdag 20. januar 2010

Onsdag den 20. januar

Minus 0.6 grader. Lettskya østlig vind. Saga opp resten av veden med motorsag. Litt tynnare greiner må eg ta med kappsaga. Alt klar til kløyving nå bortsett frå at eg må spa fram hoggestabben frå snøen. Gjekk ein runde med Siggi. Var i kapellet på møte (Gudstenesteutvalet). Greit det.

tirsdag 19. januar 2010

Tysdag den 19. januar

Minus 0,7 grader, overskya og heilt stille. Var på Kirkevergekontoret hos nestvergen Tore Henriksø. Opplæring i "medarbeideren"! Fekk også hjelp til å importere ein del av outlooken frå ekstern harddisk til den nye PC en. Godt. Gåtur med Siggi kl 1500.
Reiser og besøker mor og Tor i kveld.Drista meg til å ete litt kakemat til kaffien.
Har forresten begynt med OMEGA 3. Har ikkje heilt trua på sånt, men det skal vere veldig helsig så eg prøve ei tid..

mandag 18. januar 2010

Måndag den 18. januar

o,2 grader, lettskya middels sterk sørøstlig vind. Såg gjennom påmeldingsskjemaet til Nordsjørittet i dag. Ser enkelt ut å melde seg inn, men der skal vere lutdraging der og, så uvissleiken er sterk. Lutdraging i bedriftsidrettslaget og, så eg har for så vdt to sjanser. Eg krysser fingrar for eg villlll med.
Foringer og lister på plass i kjellaren. Maling gjenstår, men eg får vente til der blir litt varmare med sånt.
Nede og støvsugde i kapellet. Var ikkje vatn på doa, men vatn inne i sakristiet.
Hadde comeback på ordspill.no. Vant, men gjekk ned i ranking då motstandaren hadde mindre rank enn meg.
Brukte spettet og grov fram dei stammane eg ikkje hadde kutta opp før. Dte var ganske mange fleir enn eg trudde. Så no har eg arbeid med det etter kvart.
Ha meldt meg på sykling på Elixia i kveld kl 1715. Ser fram til det.
Forresten så er trygda komen.

søndag 17. januar 2010

Søndag den 17. januar

0,2 grader, sterk østleg vind, overskya. Utrivelig. Blir ganske kaldt i huset med denne vinden, så her fyrer eg skikkeleg.
Mykje sport på TV i dag og , og ikkje spanande å gå tur, så eg kom meg ned på Elixia
og sykla ca 50 minutt. Grei trening. No er det å ete forsiktig heilt til laurdag.

lørdag 16. januar 2010

Laurdag den 16. januar

Pluss minus null. Det varierer. Sterk søraustlig vind og helst ganske utrivelig med veret. I dag er det grøt og is og så skal me feire at Nikolai vert seks år på tysdag. Snart skulegutt og etter eige utsagn: "Sjukt flinke å rekna og tella". Morfar er heilt einige.
Rydda litt i og ut or kjellaren. Var borte hos bonden og saga opp foringar til kjellardøra. Avlyste sykling på Elixia. Gruer veldig til kjøreturen til Gilja. Er mye rennefokk er eg redd for. Får sjå.
Eg hoppa i det og tok turen. Mange nok fenner og syting av meg, men det gjekk godt. Alt for mye og a,t for god mat og kake/kaffimat. Hadde som mål å komme under 84 til neste laurdag, men må kanskje revidere målet. Får sjå.

fredag 15. januar 2010

Fredag den 15. januar

Minus 0,5 grader østleg vind og overskya. Snø i dag??? Skal i årmålsdagfeiring i kveld til bonden. Må nok ete litt der for å vere danna nok, og det er eg. Så derfor vart det veging i dag. 84,7 kg. Ned o,8 kg. Hadde venta litt større nedgang, men sånn er det, nokon gonger går det godt og andre gonger litt mindre godt.
Elles var eg ute og køyrde, og så vart det sløving resten av dagen før gjestebudet. Ole Martin stakk innom og helste på oss to gamle. Og så er det ekteskapsinngåing i slekta. Birgitte gifta seg med danske Steen.

torsdag 14. januar 2010

Torsdag den 14. januar

Minus 5 grader. Minimum: -5,9. Skyfritt og null vind. PÅ AN IGJEN MED FROST. Tur med Siggi kl 11.
Reiste til Gunhild ein tur. Hadde Nikolai med.
Hadde avtale med Personlig Trener kl 1800 i dag. Gjekk gjennom ein del apparat og hadde ein samtale. Får tenkje på om eg skal utvide tida på Elixia.

onsdag 13. januar 2010

Onsdag den 13. januar

3,4 grader pluss altså!! Lettskya og stille. Skal ordne i kapellet etter gravferd i går. Er spent på om der er vatn. Det var det ikkje. Ein handletur før middag, så rundt vatnet med Siggi kl 14. Har bestilt plass på Elixia kl 18. Intervallsykling.
Det vart ein skikkeleg hard time, men det er jo slikt som gjer godt.
Har faktisk vore litt vind frå aust i dag.

tirsdag 12. januar 2010

Tysdag den 12. januar

Minus 6,3 grader. Minimum i natt: Minus 9,4. Antydning til skyer. Heilt stille.Gjorde ferdig til listing og foring eller omvendt. Rydda og kosta golvet. Kom meg ut og spadde litt i snøen. Gjekk tur me Siggi kl 14. I kveld er det øving med Svilandskarane. Blir helst repetering av det vi liksom skal kunne frå før.
To tretten år gamle jenter sat fast på Sygno i kveld. Helikopter har teke dei ned. Der var visst både kaldt, ulendt, bratt, mørkt og glatt der oppe.
Det gjekk visst godt. Litt for kalde, men ok.
Hadde øving i koret og song ein del kjente songar som me skal syngje på gamleheimen eller bo og servicesenter den 21. januar.

mandag 11. januar 2010

Måndag den 11. januar

Minus 8,5 grader. Likt ver, men litt mildere?? Var nede og vaska i kapellet. Ble så som så med vasking da vatnet var frose. Ga beskjed til Vergen som ga beskjed til bygningsansvarlig. Skal vere gravferd i morgon så der bør vere vatn. Ikkje mitt problem lenger.
Fekk installert printeren.
Frisk tur rundt vatnet med Siggi kl 1400.
Kom meg ned i kjellaren og saga og spikra litt.
Til Elixia kl 1715 for ein times xycling. Ganske hardt, men det er sånn som gjer godt.

søndag 10. januar 2010

Søndag den 10. januar

Minus 9,2- Minimum i natt. Minus 15,4- Same flotte, kalde veret. I kapellet frå kl 0930 for å ordne til og til 1300 før eg tok meg heim. Fin gudsteneste der NMS var sentralt med Lars Løvås som predikant. Karl Nærland song.
Såg helst fjernsyn og kvilte vekk dagen, men kom meg til Elixia og sykla ein tur.

lørdag 9. januar 2010

Laurdag den 9. januar

Minus 14,4 grader. Minimum i natt: Minus 15,7. Same flotte, men alt for kalde veret. Vekta viste 85,5 kg og det betyr 3,1 kg ned frå måndag. "Easy comes, easy goes" heiter det, så eg reknar ikkje med same nedgangen til neste laurdag. Har som mål å komme på 82 talet, ja helst litt under det før eg normaliserer etinga. Og det tek nok eit par månader tenkjer eg.
I dag er det fritt fram med graut, is og pizza, ja kva eg vil. Fjernsynet har veldig mye sport: Tour de ski, skiskyting, skiflygimg, skeisemeisterskap. Men eg må prøve å få gjort andre ting og.
Då eg køyrde til Sandnes i dag, viste termometeret i bilen minus 21 på Øvre Hana så eg måtte ta turen om myra heim att for å kontrollere. Der var minus 23 grader.
Har sett opp så å seia alle platene i kjellaren. Men dagens trim ser ut til å utebli viss du ikje ringe meg Siggi. Og det gjorde han ikkje.

fredag 8. januar 2010

Fredag 8. januar

Minus 12 grader. Same flotte veret, men eg har lyst til å sykle ute no. Var en tur til Kvadrat med Ingrid, henta sykkelen.
Tok en kald runde rundt vatnet, lite liv der.
Og så kom eg meg ned i kjølen i kjellaren og saga opp ei plate som eg trur passer akkurat. Utskjering til både litt av døra og litt av vinduet. Spikring i morgon.

torsdag 7. januar 2010

Torsdag den 7. januar

Minus 13,9. Minimum i natt: Minus 17,4. Stille og skyfritt. Begynner å gle med til laurdag då eg skal på vekta og finne ut kor stor vektnedgang vekas mange forsakinger har ført til. Tenkjer at alle lesarane er like spente.
Reiste til Kvadrat med sykkelen for å fikse gearen. Innom hjå adm.leiar i kyrkjelyden for å avklare eventuelle ansvarsforhold om varsling om bryllaup og gravferder. Det var skikkelig pinlig laurdag då ingen hadde gitt organisten beskjed om arrangementet. Vi fekk ordna det då med litt !!forsinking!! (Kan ikkje vere rett ord).
Ting skal rettast opp.Var innom kapellet og måtte vaske litt ekstra fann eg ut. Kommunen hadde brøyta fint overalt no. Erling kom og vi såg litt i tårnet for å finne litt ut om kva ein skulle gjere for å dempe lyden av kyrkjeklokkene. Vaskinga får vere det fysiske arbeidet mitt i dag. Mykje sport på TV. Tour de Ski og skiskyterstafett.
Var en tur nede i kjellaren og ordna til sånn at det skal vere lettare å komme i gang i morgon. Skulle spinne på Elixia, men det var ikkje plass i gruppa, så eg tok ein tur på ein annan sykkel. Ein halv time var nok.
Det ser ut som om temperaturen er på veg oppover att.

onsdag 6. januar 2010

Onsdag den 6. januar

Minus 15,7 grader. Minimum i natt: Minus 16,8 grader. Rapport fra Ganddal - nedst i Hauelandsmarka: Minus 21. Temperatur på myra nedanfor kapellet kl 12 i dag: Minus 19.
Sjølvsagt stille og skyfritt.
KRISE!!! Fekk mail frå bedriftsidrettslaget i går: Sjølv om eg vart garantert plass i Nordsjørittet 2010 sidan eg var mellom dei fyrste som melde interesse, må ein sjå bort frå denne garantien. Alle interesserte i kommunen stiller likt. Så det vert lutdraging om kven som vert dei som skal få delta for kommunens idrettslag. Dumt, men eg får berre vone på siger i lutdraginga.
Har hatt ein tur til Sandnes med fruen for handel og anna i dag. Er freista til å tilbringe ettermiddagen framfor skjermen for å sjå sport, men har lova meg sjølv litt fysisk arbeid kvar dag, så... Fekk tlf frå Elixia med tilbud om ein time med personlig trenar. Avtale: Torsdag den 14. kl 1800, spør etter Bente. Tlf til Siggi og beskjed om krimsjuke og dårleg ålmenntilstand både på han og særleg på kona. Så ingen marsj med han rundt vatnet i dag.
Kom meg ned i kjellaren for å jobbe litt. Ødela ei plate ved å sage feil. Fann ut at det fekk vere arbeidet for i dag. Var på Elixia og sykla ein time. Xycling intervall. Det hardaste opplegget eg har vore med på der. Gjorde godt. Måtte kjøre myra heim for å finne ut temperaturen der: Minus 22 grader. Varmt og godt i heimen no så det hjelper med god ved.

tirsdag 5. januar 2010

Tysdag den 5. januar

Minus 10 frå morgonen av, lettskya og stille. Den nye dataen ville ikkje inn på nettet i går. Prøvde brukerstøtte to gonger og reiste inn til El kjøp til sist. Det viste seg at eit eller anna nettverkskort ikkje var installert i maskinen. Det skulle og burde ha vore installert. Ingen kunne hjelpe då reparasjonsavdelingen var stengt. Reiste inn tidlig i dag og dei jobba med å ordne ting i nær ein time, men no er nettet oppe og går. Det som mangler no er mailen. Må prøve å rette opp den gamle adressen min og finne kor mange mailer som står i kø. Kan nok verte vanskelig for ein amatør det.
Ingrid ringte Sigurd og fekk beskjed om at det var lårhalsen som hadde brekt. Dette skjedde lørdag føre jul, snødagen, så det er merkelig at ingen har oppdaga kva det var før no. Ho var slett ikkje god nyårskvelden då vi var saman. Ho vert operert i dag.
Etter mange telefonar til Telenor kom eg endelig i orden med alt på dataen.
Kom meg og ned i kjellaren og jobba litt. Skal på Elixia og sykla i kveld. Fekk tilbud om å vere gjester og syngje litt på Reidun sin femtiårsdag. Svilandskarane altså. Sykla i 40 minutt på Elixia.

mandag 4. januar 2010

Måndag den 4. januar

88,6 kg. Og no byrjer ein ny slankeperiode for meg. Frukostblanding med lettsyltetøy og skumma kulturmelk. To Ryvitaknekkebrød med smør og skinkepålegg til lunsj, maks ei potet pluss kjøt eller fisk eller liknande til middag, eit stykke 70% sjokolade til kaffi og fire knekkebrød til kvelds. Veging vert kvar laurdag ei tid framover no. Elles er det meininga å gjere minst ein fysisk jobb og ei treningsøkt kvar dag.
I dag tidleg fekk eg telefon med beskjed om at eg skulle få ny PC til erstatning for den gamle som hadde dukka opp med den same feilen tre gonger. Det vert spanande.
Minus 5,4 grader frå morgonen, heilt stille og overskya. Minimum i natt var minus 10,3 grader.
Ungane søv heller godt. Tor Eivind stod opp kl 0915 og dei andre ligg vel til ti tenkjer eg. Glad eg ikkje er foreldra som skal få dei opp til skule og barnehage i morgon.
Var nede i kapellet og vaska og støvsugde. Mykje graps der. Må kanskje ta nok ein tur ned for å vaske over det eg vaska!!? Henta den nye datamaskinen eg skulle få. Ein Toshiba som var ein del billigare en den eg leverte inn, men som er mykje betre. Fekk også tiltakshug til å gå ned på Elixia og sykle i 50 minutt. Godt det. Siggi var småsjuk og kunne ikkje gå i dag.
Fekk beskjed frå Sigurd at Mary hadde knekt lårbeinet. Det viste seg seinare at det var lårhalsen.

søndag 3. januar 2010

Søndag den 3. januar

88,5 kg. Minus 10 grader. Nær umerkelig vind frå nordvest og så og seia skyfri himmel. Minimumstemperatur i natt: Minus 15,3 grader. Får besøk av familien på Gilje til kaffi. Ungane skal sove her for Bente skal på planlegging og Kristian på arbeid.
I morgon skal alle nyårsforsetta setjast inn.

lørdag 2. januar 2010

Laurdag den 2. januar.

89,0 kg. Minus 11 grader. Stille og fint. Graut, is og pizza i dag. Bryllup kl 1400. Silje Ljosdal. Måkte og strødde ein del på førehand. Fekk problem då det viste seg at organisten ikkje hadde fått beskjed om vigsle. Telefon og litt forsinka ordna det.
Ingid baud inn Marion og Jorunn med gemalar til gilde. Då må me ha meir enn pizza og det er det ho som ordnar. Staka litt i røyret i kjellaren. De virka for ei lita stund.

fredag 1. januar 2010

Fredag den 1. januar 2010

89,3 kg. Eg er svært flink til å ete og leggje på meg. Reknar med å gå ned uansett i morgon. Hadde ei fantastisk sursteik i går. Noko av det beste eg har smakt. Minus 6,6 grader, stille og overskya. Ser ut som om det skal koma snø, men det er ikkje meldt noe, så eg vonar me unngår det.
Ingrid laga middag som vi tok med til Gunhild i Bjerkreim. Der hadde vi kaffi og dessert i tillegg. Reiste så opp til Bente og familien på Gilja. Litt rennefokk så det var noen fæle fenner i Espedal og på Giljagarden. Kjørte rett på og kom gjennom. Hadde herlig kvelds hos Bente. Skal hente Ole Martin på Sola kl 2235.