tirsdag 12. januar 2010

Tysdag den 12. januar

Minus 6,3 grader. Minimum i natt: Minus 9,4. Antydning til skyer. Heilt stille.Gjorde ferdig til listing og foring eller omvendt. Rydda og kosta golvet. Kom meg ut og spadde litt i snøen. Gjekk tur me Siggi kl 14. I kveld er det øving med Svilandskarane. Blir helst repetering av det vi liksom skal kunne frå før.
To tretten år gamle jenter sat fast på Sygno i kveld. Helikopter har teke dei ned. Der var visst både kaldt, ulendt, bratt, mørkt og glatt der oppe.
Det gjekk visst godt. Litt for kalde, men ok.
Hadde øving i koret og song ein del kjente songar som me skal syngje på gamleheimen eller bo og servicesenter den 21. januar.

Ingen kommentarer: