lørdag 9. januar 2010

Laurdag den 9. januar

Minus 14,4 grader. Minimum i natt: Minus 15,7. Same flotte, men alt for kalde veret. Vekta viste 85,5 kg og det betyr 3,1 kg ned frå måndag. "Easy comes, easy goes" heiter det, så eg reknar ikkje med same nedgangen til neste laurdag. Har som mål å komme på 82 talet, ja helst litt under det før eg normaliserer etinga. Og det tek nok eit par månader tenkjer eg.
I dag er det fritt fram med graut, is og pizza, ja kva eg vil. Fjernsynet har veldig mye sport: Tour de ski, skiskyting, skiflygimg, skeisemeisterskap. Men eg må prøve å få gjort andre ting og.
Då eg køyrde til Sandnes i dag, viste termometeret i bilen minus 21 på Øvre Hana så eg måtte ta turen om myra heim att for å kontrollere. Der var minus 23 grader.
Har sett opp så å seia alle platene i kjellaren. Men dagens trim ser ut til å utebli viss du ikje ringe meg Siggi. Og det gjorde han ikkje.

Ingen kommentarer: