onsdag 27. januar 2010

Onsdag den 27. januar

3,7 grader , flau vind og regn!! Blir vel glatt på vegane når frosten slår opp og vatnet frys på asfalten. Det er meldt meir frost om eit par dagar, så her er fare for isglasering av natur og ting ei tid no. Er ganske lei av frost og snø. I dag våger eg meg sannsynligvis ikkje ut på vegen. Kanskje kontorarbeid heile dagen.
Å nei da. Kom meg ut og skrapa vekk litt is og snø. Og så kom eg på at eg kunne jo kløyve litt, og så brått hadde eg kløyvd og stabla ein palle til. Men her er stadig meir ved under snøen. Neste gong er det fram med kløyvar og kappsag og så er snart alt på plass.
Fekk besøk av Bente, Nikolai som skulle på lækjarkontroll og Ingrid som var sjuk. Bestilte tid på Elixia kl 1800. Da var det 4 ledige plasser igjen på gruppa. Eg trur nok der er ca 50 syklar i alt, så der er mange ivrige syklistar. I dag var det xycling intervall, og det er ganske hardt, men hardheten avheng av kor stor motstand einkvar legg på.
Barnepass, kontorarbeid og middagskvil ei tid.
Innbiller meg at alle stier er så glatte no at det ikkje er rådeleg for to gamle gubbar som Siggi og meg å gå tur i dag.

Ingen kommentarer: