mandag 4. januar 2010

Måndag den 4. januar

88,6 kg. Og no byrjer ein ny slankeperiode for meg. Frukostblanding med lettsyltetøy og skumma kulturmelk. To Ryvitaknekkebrød med smør og skinkepålegg til lunsj, maks ei potet pluss kjøt eller fisk eller liknande til middag, eit stykke 70% sjokolade til kaffi og fire knekkebrød til kvelds. Veging vert kvar laurdag ei tid framover no. Elles er det meininga å gjere minst ein fysisk jobb og ei treningsøkt kvar dag.
I dag tidleg fekk eg telefon med beskjed om at eg skulle få ny PC til erstatning for den gamle som hadde dukka opp med den same feilen tre gonger. Det vert spanande.
Minus 5,4 grader frå morgonen, heilt stille og overskya. Minimum i natt var minus 10,3 grader.
Ungane søv heller godt. Tor Eivind stod opp kl 0915 og dei andre ligg vel til ti tenkjer eg. Glad eg ikkje er foreldra som skal få dei opp til skule og barnehage i morgon.
Var nede i kapellet og vaska og støvsugde. Mykje graps der. Må kanskje ta nok ein tur ned for å vaske over det eg vaska!!? Henta den nye datamaskinen eg skulle få. Ein Toshiba som var ein del billigare en den eg leverte inn, men som er mykje betre. Fekk også tiltakshug til å gå ned på Elixia og sykle i 50 minutt. Godt det. Siggi var småsjuk og kunne ikkje gå i dag.
Fekk beskjed frå Sigurd at Mary hadde knekt lårbeinet. Det viste seg seinare at det var lårhalsen.

Ingen kommentarer: