Minus 10 frå morgonen av, lettskya og stille. Den nye dataen ville ikkje inn på nettet i går. Prøvde brukerstøtte to gonger og reiste inn til El kjøp til sist. Det viste seg at eit eller anna nettverkskort ikkje var installert i maskinen. Det skulle og burde ha vore installert. Ingen kunne hjelpe då reparasjonsavdelingen var stengt. Reiste inn tidlig i dag og dei jobba med å ordne ting i nær ein time, men no er nettet oppe og går. Det som mangler no er mailen. Må prøve å rette opp den gamle adressen min og finne kor mange mailer som står i kø. Kan nok verte vanskelig for ein amatør det.
Ingrid ringte Sigurd og fekk beskjed om at det var lårhalsen som hadde brekt. Dette skjedde lørdag føre jul, snødagen, så det er merkelig at ingen har oppdaga kva det var før no. Ho var slett ikkje god nyårskvelden då vi var saman. Ho vert operert i dag.
Etter mange telefonar til Telenor kom eg endelig i orden med alt på dataen.
Kom meg og ned i kjellaren og jobba litt. Skal på Elixia og sykla i kveld. Fekk tilbud om å vere gjester og syngje litt på Reidun sin femtiårsdag. Svilandskarane altså. Sykla i 40 minutt på Elixia.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar