onsdag 6. januar 2010

Onsdag den 6. januar

Minus 15,7 grader. Minimum i natt: Minus 16,8 grader. Rapport fra Ganddal - nedst i Hauelandsmarka: Minus 21. Temperatur på myra nedanfor kapellet kl 12 i dag: Minus 19.
Sjølvsagt stille og skyfritt.
KRISE!!! Fekk mail frå bedriftsidrettslaget i går: Sjølv om eg vart garantert plass i Nordsjørittet 2010 sidan eg var mellom dei fyrste som melde interesse, må ein sjå bort frå denne garantien. Alle interesserte i kommunen stiller likt. Så det vert lutdraging om kven som vert dei som skal få delta for kommunens idrettslag. Dumt, men eg får berre vone på siger i lutdraginga.
Har hatt ein tur til Sandnes med fruen for handel og anna i dag. Er freista til å tilbringe ettermiddagen framfor skjermen for å sjå sport, men har lova meg sjølv litt fysisk arbeid kvar dag, så... Fekk tlf frå Elixia med tilbud om ein time med personlig trenar. Avtale: Torsdag den 14. kl 1800, spør etter Bente. Tlf til Siggi og beskjed om krimsjuke og dårleg ålmenntilstand både på han og særleg på kona. Så ingen marsj med han rundt vatnet i dag.
Kom meg ned i kjellaren for å jobbe litt. Ødela ei plate ved å sage feil. Fann ut at det fekk vere arbeidet for i dag. Var på Elixia og sykla ein time. Xycling intervall. Det hardaste opplegget eg har vore med på der. Gjorde godt. Måtte kjøre myra heim for å finne ut temperaturen der: Minus 22 grader. Varmt og godt i heimen no så det hjelper med god ved.

1 kommentar:

Anonym sa...

di seie at veden varme fleire gonge, men de gjelde jedna bare for dei så hogge an i tillegg:-)
Te opplysning va der 22 minus utfor mi kjerka og.

Bente