lørdag 30. januar 2010

Laurdag den 30. januar

Minus 6,4 grader sørlig vind og overskya. Ikkje heilt trivelig ute i dag.
Og så vert spaninga utløyst for alle spente lesarar: Det vart kun 400 gram ned denne veke frå 83,4 til 83,0 kg. Bra nok det så pass langt uti slankeperioden, men hadde ei von om å vere på 82 talet i dag. Blir nok det neste laurdag. I kveld har eg nok ete meg opp fleire hakk, men slik er laurdagen.
Var på Sandnes og handla laurdagsting. Reiser muligens opp til Auglend bedehus på basar i kveld. Erling Nordland ringde om noko anna og kom inn på det arrangementet. Men me et pizza tidlegare på kvelden.
Outlooken min var visst bare førebels. Så eg må visst kjøpe meg ein ny på måndag om eg vil lesa og senda mail, , og det vil eg.

Ingen kommentarer: