Null grader, disig og med etter måten sterk VESTLIG vind. Nokolai har sove her i natt og han skulle ganske tidlig opp, så dermed måtte andre fylgje dømet. Glatte vegar i går har eg forstått.
Etter vanlige føremiddagsrutiner, som vart litt skipla på grunn av ein liten tapp som er turbo, kom eg meg ut og kløyvde og saga og lødde opp resten av veden. Det vart til saman 7 fulle pallar, og det vil nok seia omtrent tre famnar og vel så det.
Neste gong veden skal jobbast med vert i sommar då han skal inn under garasjen. Vel, eg trur ikkje eg får plass til alt.
Ingen trening i dag, men kl 1900 skal eg vere med Arne Post til Elim på mannfolktreff eller noe sånn. Liv Kyllingstad Godin skal fortelje om arbeidet sitt. Koselig det med mange mannfolk i sin beste alder altså pensjonistar.
2 kommentarer:
Kanskje du fekk for mykje ved. Om det skulle verta noko eit anna år får med vera meir varsam med mengda. Ellers er eg "øvejidde" over all treninga di. Vonar å få tid til det eg og etter kvart. Er i gang...
Arild
Eg trene det eg kan på Elixia for det kosta alt for mange penga til å la vera. Og neste gong ska Engvall Pahr Iversen verme på mannfolktreff på Elim, og han e jo spennande, så kanskje du og skal verme då.
Legg inn en kommentar