Minus 13,9. Minimum i natt: Minus 17,4. Stille og skyfritt. Begynner å gle med til laurdag då eg skal på vekta og finne ut kor stor vektnedgang vekas mange forsakinger har ført til. Tenkjer at alle lesarane er like spente.
Reiste til Kvadrat med sykkelen for å fikse gearen. Innom hjå adm.leiar i kyrkjelyden for å avklare eventuelle ansvarsforhold om varsling om bryllaup og gravferder. Det var skikkelig pinlig laurdag då ingen hadde gitt organisten beskjed om arrangementet. Vi fekk ordna det då med litt !!forsinking!! (Kan ikkje vere rett ord).
Ting skal rettast opp.Var innom kapellet og måtte vaske litt ekstra fann eg ut. Kommunen hadde brøyta fint overalt no. Erling kom og vi såg litt i tårnet for å finne litt ut om kva ein skulle gjere for å dempe lyden av kyrkjeklokkene. Vaskinga får vere det fysiske arbeidet mitt i dag. Mykje sport på TV. Tour de Ski og skiskyterstafett.
Var en tur nede i kjellaren og ordna til sånn at det skal vere lettare å komme i gang i morgon. Skulle spinne på Elixia, men det var ikkje plass i gruppa, så eg tok ein tur på ein annan sykkel. Ein halv time var nok.
Det ser ut som om temperaturen er på veg oppover att.
2 kommentarer:
Regner med, at PC-en er oppe å går. Er lei av å vera stuegris, tenker eg tar meg enn lett tur i varmedressen før sport på Tv. Håper me er i gang rundt vatnet i neste uga. Eller e du innstilt på sykkel? Ha enn fine helg
siggi
Ein kombinasjon av turar rundt vatnet og innesykling er fin. Så me satsar på måndag kl 18.
Legg inn en kommentar