tirsdag 26. januar 2010

Tysdag den 26. januar

Minus 7,4 grader. Minimum: Minus 9,4. Lettskya stille.
Hadde eit par timar med vedkløyving og stabling. Det dukker stadig fram fleir stubbar til kløyving, ja til oppkapping og.
Gravferd kl 1300. Far til Hildur: Hans Helgaland døydde 97 år gamal. Fin høgtid med mange Ganddalsfolk til stade.
Elixia kl 1700 i dag, og så er det å finna noe å syngje på øving i Svilandskarane i kveld kl 2000.
Alltid nok å gjera for ein pensjonist. Må jo kvile middag og ha litt kontortid og.
Handballkamp mot Danmark i dag. Fjernsynet står på. Eg prøver å lukke augo så eg slepp å ta del i spaninga. Har framleis ikkje nerver til slikt.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe, e det deg eg har arva det frå.. Gjekk ud av rommet de siste minuttå av kampen eg. Klarte ikkje se på. Kjedeligt resultat då :(
-Toril-

Roald sa...

Ja me ligedekje. Trur nok at onkeloli har tendenser til same problemet. Så det er nok arvelig.
far